Alo Bärengrub

estlandsk fotballspelar

Alo Bärengrub (fødd 12. februar 1984 i Kehtna i Estland) er ein estisk fotballspelar. Bärengrub spelar per april 2009 midtstoppar for det norske tippeligalaget Bodø/Glimt. Han har fleire landskampar for Det estiske herrelandslaget i fotball.

Alo Bärengrub
Bärengrub, Alo.IMG 0840.JPG
Personleg informasjon
Fødd 12. februar 1984
Fødestad Kehtna
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Flagget til Noreg Bodø/Glimt
Nummer 28
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000
2001–2004
2004–2007

2008–
Flagget til Estland FC Lelle
Flagget til Estland FC Valga
Flagget til Estland FC Flora Tallinn
Flagget til Noreg Bodø/Glimt
 ? (?)
28 (0)
102 (22)


Landslag
2004– Flagget til Estland Estland 10 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Den 29. januar 2008 skreiv Alo Bärengrub under ei 4-årskontrakt med Bodø/Glimt etter prøveopphald. Den fyrste kampen hans i norsk Tippeliga var 30. mars 2008, og han har spela åtte Europacup-kampar for Flora Tallinn.