Altartavle
(Omdirigert frå Altertavle)
Ei altartavle er eit religiøst kunstverk i ei kristen kyrkje som står over eller bak altaret.[3]
Barokkaltartavla i Oslo domkyrkje frå ca. 1699. Arbeidet med altartavla var påbyrja av ein ukjent nederlandsk kunstnar, men avslutta av norske treskjerarar ved Lars Sivertsen i akantusstil.[1] Altartavla er i tre delar; nedre del synar nattverden, i midten Kristus på krossen med Maria og Johannes og øvst den sigrande Kristus. Kirsten Toller, ei rik enkje busett i Oslo gav 500 riksdalar for å få altartavla utført og den blei utstyrt med våpenskjoldet til familien hennar.[2]
Altartavla kan vere utført av ymse materiale, som til dømes tre eller stein. Ei altartavle kan vere rikt utsmykka med utskjeringar og med eit måleri i midtfeltet.
ReferansarEndra
- ↑ M.C. Kirkebøe: Oslos kirker i gammel og ny tid, ny utgave ved Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, Kunnskapsforlaget, 2007, side 23
- ↑ Oslo Domkirke: Barokkinteriøret
- ↑ Altartavle frå nynorskordboka, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 2. februar 2012
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Altartavle