Alundaelgen eller Alundaøksa er hovudet på ei hammarliknande seremoniøks av grønstein (gamal og framleis arkeologisk nemning på ulike magmatiske bergartar) som er tidfesta til yngre steinalder og funne under grøftegraving i Norrlövsta i Alunda socken i Östhammars kommun i Uppland i Sverige.

Alundaelgen
Sida og undersida av Alundaelgen.

Øksehovudet, som har hatt eit grant treskaft i si tid, er i eine enden forma som eit vent og naturtru elghovud. Figuren kan opphavleg ha kome frå Karelen, då liknande dyrefigurar er kjende frå dette området. Truleg vart øksa nytta under religiøse eller andre seremoniar av einkvan slaget, ikkje som ein reiskap eller eit kampvåpen.

Alundaelgen er stilt ut ved Statens historiska museum i Stockholm.[1]

Kjelder endre

  1. «Statens historiska museum». mis.historiska.se. Henta 11. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre