Amandine Leynaud

fransk fotballspelar

Amandine Suzanne Monique Leynaud (fødd 2. mai 1986) er ein fransk handballspelar frå Aubenas i Frankrike. Ho er både verdsmeister, europameister og olympisk meister med det franske landslaget. Sidan 2018 er ho målvakt i den ungarske toppklubben Győri ETO.

Amandine Leynaud


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. mai 1986 (38 år)
Aubenas
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2012, Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball under Sommar-OL 2008 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Leynaud var Metz-spelar perioden 2004-12. Seks av dei åtte sesongane vart ho fransk meister. Ho gjorde deretter teneste i Oltchim Valcea, den rumenske toppklubben som i 2013 gjekk konkurs og vart oppløyst. Åra frå 2013 til -18 vart ho makedonsk meister med Vardar. Frå hausten 2018 vakta ho målet for Győri ETO, den ungarske toppklubben som våren 2019 gjekk til topps i EHF-meisterligaen.

Landslagsspel

endre

Leynaud var med i den franske meisterskapstroppen fyrste gongen ved Handball-VM 2007, og siste gongen Sommar-OL i 2021. Ho var med å vinne VM-gull i 2017, EM-gull i 2018 og OL-gull i 2021. Dessutan var ho med om å vinne to VM-sølv, OL-sølv i 2016, EM-sølv og EM-bronse.

Kjelder

endre