Amguid er eit meteorittkrater i Algerie.[1]

Det er kring 500 til 530 meter i diameter,[2] og kring 65 meter djupt og er estimert til å ha ein alder mindre enn 100 000 år, truleg frå pleistocen. Krateret er synleg på overflata.

Krateret vart oppdaga av europearar i 1948,[2] og den første vitskaplege skildringa vart gjort av Jean-Phillippe Lefranc i 1969.

Kjelder

endre
  1. «Amguid». Earth Impact Database. University of New Brunswick. Henta 21. januar 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Amguid crater». Wondermondo. 

Bakgrunnsstoff

endre

26°5′16″N 4°23′43″E / 26.08778°N 4.39528°E / 26.08778; 4.39528