Amon-Re
med hieroglyfar
M17Y5
N35
N5
Z1
C1
Amon
med hieroglyfar
M17Y5
N35
C12

Amon (gammalegyptisk for 'løynd') er ein egyptisk gud. Han var ein lokal guddom i Theben og etterkvart vernegud for byen under det gamle kongeriket, men blei ein hovudgud i heile Egypt under det nye. Under det midtre riket blei han identifisert med solguden Ra og også kalla Amon-Ra.

Relieff av Amon i Karnak.

Kjenneteikna til guden er ei høg krone av to fjører og eit was-septer (lang, tynn stav med kløyvd ende). Han var rekna som vind- eller stormgud og seinare som solgud. Som egyptisk hovudgud blei han også rekna som skaparen, oppretthaldaren og vernaren av verda.

Maken til Amon er til ulike tider kalla Amonet (ei hokjønnsform av namnet hans), Wosret og Mut. Sistnmende danna saman med måneguden Khonsu og Amon ein heilag familie for Theben.

Eit av dei viktigaste templa vigd Amon låg i Karnak ved Theben.

Amon blei også dyrka i antikke Hellas og Romarriket som Zevs Ammon og Jupiter Ammon.

Kjelder endre

  • «Amon» (02.02.2013) i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amon

«Amon» i Store norske leksikon, snl.no.