Analytisk kjemi
Analytisk kjemi er analyse av stoffprøvar for å finna den kjemiske samansetninga i dei.
Analytisk kjemi kan delast i to hovudtypar: kvalitativ analyse og kvantitativ analyse. Kvalitativ analyse prøver å finna kva type sambindingar eller grunnstoff prøven inneheld. I kvantitativ analyse er målet å finna mengda av eit stoff i prøven.
Teknikkar
endreDet finst mange ulike teknikkar for å separera, påvisa og måla mengder av kjemiske sambindingar.
- For å påvisa ulike ion i ei løysning, kan ein prøva ein serie reaksjonar og sjå kva som skjer. Det kan vera at stoff fell ut eller vert løyst, eller ei løysning skiftar farge. Dette er ganske tungvint.
- Ulike spektroskopiske metodar gjer at ein kan finna innhaldet i ei prøve ved å måla korleis ei løysning eller ein gass absorberer lys. Dette inkluderer UV/VIS-spektroskopi som brukar UV-lys og synleg lys, IR-spektroskopi som brukar infraraudt lys og NMR.
- Kromatografi separerer to eller fleire stoff ved måten dei reagerer med ein stasjonær fase og ein mobil fase. Døme på dette er papirkromatografi, gasskromatografi og væskekromatografi. På like lang tid vil ulike stoff vandra ulike lengder med den mobile fasen. Dermed vil dei ulike stoffa verta separert og ein kan finna ut kva ei blanding inneheld.