Anarkokapitalisme

Anarkokapitalisme er ein retning innan anarkismen (ofte omtalt som marknadsanarkisme, frimarknadsanarkisme, anarkoliberalisme) og er ein libertariansk ideologi som fremjer eit samfunn utan ein stat, til fordel for eit samfunn med individuell sjølveigarrett i ein fri marknad. I eit anarkokapitalistisk samfunn vil alle tenester vera leverte av konkurrerande organisasjonar, som tenester for lov og orden, domstolar og andre område for tryggleik for samfunnet. Desse er finansierte gjennom normale marknadsmekanismar, i motsetnad til bruk av skatt. Personlege og økonomiske aktivitetar vil bli regulerte av privat lov og ikkje gjennom politikk. Val av domstol bestemmer kva lover som skal gjelda i ein konkret rettssak.

Nemninga kjem frå den libertarianske filosofen Murray Rothbard.[1]

Kjelder

endre
  1. Rothbard, Murray N. (1988) «What's Wrong with Liberty Poll; or, How I Became a Libertarian», Liberty, juli 1988, s. 53
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.