Opna hovudmenyen

Anatomisk og medisinsk terminologi blir hyppig bruka av anatomar og helsepersonell. Desse språka kan vera forvirrande for dei uinnvidde, men det er viktig å merka seg at språket ikkje er laga for å forvirra. Føremålet med språka er å auka presisjon og minska medisinske feiltydingar. Eit arr kan til dømes vera over handleddet, men er det då på underarmen, tre centimeter frå basen av handa? Er det i handflata eller på baksida av handa? Ved å bruka presis terminologi blir tvitydigheit eliminert. Anatomiske omgrep stammar frå oldtida og er samansett av greske og latinske ord. Desse orda blir ikkje lenger brukte i kvardagslege samtalar, og ordtydinga endrar seg difor ikkje.

Den gjeldande internasjonale standarden for anatomisk terminologi er gjeve i Terminologia Anatomica.

KjelderEndra

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.