Ancenis
Ancenis (bretonsk Ankiniz) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loire-Atlantique i regionen Pays-de-la-Loire, og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Ancenis | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Pays-de-la-Loire Loire-Atlantique | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 20,07 km² | ||
Flatevidd - By |
20,07 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
7 010 349/km² | ||
Koordinatar | 47°22′N 01°18′W / 47.367°N 1.300°W | ||
Høgd over havet | 13 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 44150 | ||
Heimeside: www.ancenis.fr |
Byen ligg ved elva Loire, halvvegs mellom Nantes og Angers. Byen har gjennom historia spelt ei viktig rolle langs vegen til Nantes, som ligg 37 km mot søraust og som har vore den historiske hovudstaden i Bretagne. Byen har vorte kalla «nøkkelen til Bretagne» og «døra til Bretagne».