Anders Hove

norsk politikar

Anders Hove (8. januar 188514. februar 1978) var ein norsk lærar og politikar frå Fåberg i Oppland, som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til 1957.

Anders Hove
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1885
Død

14. februar 1978 (93 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Hove var son til ein gardbrukar og tok eksamen ved amts-landbruksskulen i 1906. Tre år seinare tok han eksamen ved Hamar lærarskule og skulte del neste to åra i Valset i dåverande Romedal herad. Frå 1911 arbeidde han i skulen i Lillehammer heilt til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945, formelt til 1955. Før han vart vald til tingmann sat Hove fleire periodar i bystyret og formannskapet i Lillehammer, og hadde elles mange ulike tillitsverv, som til dømes styreformann i Lillehammer samvirkelag 1928-46 og i avisa Dagningen 1932-48.

Hove vart vald inn på Stortinget som representant for kjøpstadene i Hedmark og Oppland, og vart attvald frå same krinsen i 1949. Ved stortingsvalet 1953 var ordninga med by- og landkrinsar oppheva, og Hove vart vald å representere Oppland fylke. I alle tre periodane på Tinget var han medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder endre