Andreas Birnbacher

Andreas Birnbacher (fødd 11. september 1981) er ein tysk skiskyttar frå Prien am Chiemsee i delstaten Bayern. Han vart verdsmeister med Tyskland i mixstafett i 2008, og tok VM-sølv i fellesstart i 2007. Elles har han vunne fire bronsemedaljar i ulike VM-stafettar i åra 2008-13.

Andreas Birnbacher


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. september 1981 (42 år)
Prien am Chiemsee
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn

Andreas Birnbacher i 2015

Birnbacher vann seks individuelle renn i verdscupen i skiskyting i tida frå mars 2011 til desember 2013. Tre av triumfane kom i fellesstart, to i sprinttevlingar og ein i jaktstart.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre