Andreas Wormdahl

norsk politikar

Andreas Wormdahl (20. januar 191114. juni 2001) var ein norsk politikar frå Trondheim som representerte ArbeidarpartietStortinget i tida tida 1958-69.

Andreas Wormdahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1911
Trondheim
Død

14. juni 2001 (90 år)
Trondheim

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Wormdahl var son til ein lærar og ein modist/pianist. Han tok middelskolen som privatist i 1926-27. Frå ungdomsåra til 1945 arbeidde han både som sjømann, bygningsmann, på anlegg og i smelteverk. 1945-46 var han forretningsførar og sjef for den kommunale brenselsomsetninga i Orkanger. Dei neste elleve åra, fram til han vart vald inn på Stortinget, var han sekretær og forretningsførar for Trondheim forente Arbeiderparti.

Wormdahl var medlem av heradsstyret i Orkanger frå 1934 til -40. Hausten 1957 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag og sidan attvald to gongar. I den tingbolken var han medlem i Militærkomiteen, deretter sat han fire år i Sosialkomiteen, og til sist like lenge i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Etter åra på Stortinget var Wormdahl økonomisjef ved E.C. Dahls Stiftelse i Trondheim i 10 år fram til 1979.

Wormdahl hadde ei mengd offentlege verv og andre tillitsverv.

Kjelder endre