Andrej Ivanovitsj Lavrov (fødd 26. mars 1962) er ein sovjet-russisk tidlegare handballspelar, målvakt, frå Krasnodar. Han er den einaste som har vunne tre olympiske gullmedaljar i handball.

Andrej Lavrov


Statsborgarskap Russland
Fødd 26. mars 1962 (61 år)
Krasnodar
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Lavrov vann OL-gull for Sovjetunionen i 1988 og 1992, i tillegg vann han for Russland i 2000. I 1993 og 1997 vart han verdsmeister for Russland og i 1996 europameister. Åra 1998-2004 var han elles med på å vinne to VM-sølv, to EM-sølv og ei OL-bronse.

Lavrov spelte på SKIF Krasnodar frå 1978 til 1992. Her var han med å sikre laget sigeren i IHF-cupen 1990. Frå 1992 gjorde han fram til 2005 teneste for klubbar i Tyskland, Frankrike og Kroatia.

Kjelder endre