Andrew Hayden-Smith
Andrew Hayden-Smith (fødd Andrew John Smith, 5. november 1983) er ein britisk skodespelar og programleiar frå Nordaust-England.
Andrew Hayden-Smith | |||
Fødd | 5. november 1983 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gateshead | ||
Aktive år | 1995– | ||
Verka som | programleiar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar |
Hayden-Smith er fødd i Gateshead og voks opp i Chester-le-Street i County Durham. Han har ei eldre syster, Kerri Hayden, som tok del i fjernsynsserien Byker Grove. Under ei vitjing av settet blei Hayden-Smith oppdaga av prdousenten Matthew Robinson, som gav han rolla som Ben Carter. Hayden-Smith debuterte i serien i den åttande sesongen, i 1995. Han blei verande i serien i sju år.[1] Samstundes byrja han å ta del i programmet Live & Kicking på barnekanalen CBBC.
Opphavleg gjekk han berre under namnet Andrew Smith, men då han ville bli medlem av det britiske skodespelarlaget Equity i 2001 var dette namnet allereie teke. Han valde derfor å søka som Andrew Hayden-Smith, ettersom Hayden var eit anna namn i familien. Han annonserte endringa av scenenamnet sitt på Live & Kicking. Etterkvart fekk han programleiarroller ved BBC, og leia mellom anna UK Top 40.
I 2006 spelte han Jake Simmonds i fleire episodar av Doctor Who. Han bestemte seg for å gje opp programleiarrolla og satsa på skodesepl, og presenterte sitt siste CBBC-program dagen før sin tredje og siste Doctor Who-opptreden.[1] I april-mai 2008 spelte han Romeo i Romeo and Juliet ved Jermyn Street Theatre i London.
I 2014 og 2015 var Hayden-Smith med i Channel 4-serien Cucumber og E4-serien Banana, begge skrivne av Russell T Davies.[2] Han har også verka som kanalvert for ITV2 og gjort stemmearbeid for ande kanalar.[3] I tillegg har han skrive for bladet Attitude.co.uk.[4]
I juli 2016 byrja Hayden-Smith rolla som politimannen DS Gavin Armstrong i såpeoperaen Hollyoaks på Channel 4.
Hayden-Smith er open homofil. Han kom ut offentleg i 2004 i bladet Attitude, etter at ei tabloidavis hadde truga han med å skriva om legninga hans.[1] Han blei utnemnd til ei av dei mest innverknadsrike homofile og lesbiske britane av The Independent i 2006.[5]
Filmografi
endreÅr | Tittel | Rolle | |
---|---|---|---|
1995–2003 | Byker Grove | Ben Carter | |
2002–2006 | CBBC | Seg sjølv | |
2004–2005 | UK Top 40 | Seg sjølv | |
2006 | Doctor Who | Jake Simmonds | |
2007 | Peter Pan | Peter Pan | |
2007 | Cinderella | Dandini | |
2013- | PAW Patrol | Chase | UK and Ireland Version |
2015 | Banana | Billy | |
2016–2017 | Hollyoaks | DS Armstrong |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Laurence Watts (25. mars 2011). «Interview: Andrew Hayden-Smith is grown up, single and returning to your TV». Pink News. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Andrew Hayden-Smith to star in Russell T Davies's E4 series Banana». Digital Spy Ltd. 6. juni 2014. Henta 25. januar 2015.
- ↑ Andrew Hayden-Smith, arkivert frå originalen 7. februar 2017, henta 3. juni 2018
- ↑ Attitude Magazine >> Andrew Hayden-Smith, arkivert frå originalen 2. februar 2015, henta 3. juni 2018
- ↑ «Gay Power: The pink list». The Independent. July 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Andrew Hayden-Smith» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2011.