Opna hovudmenyen

Andrew McCulloch (fødd 19. november 1945 i Bournemouth i England) er ein engelsk trommeslagar som var aktiv på 1970-talet.

Andrew McCulloch
Fødd 19. november 1945
Bournemouth
Yrke musikar, trommeslagar

Han spelte hovudsakleg innan progressiv rock, for band som Fields, Greenslade, Manfred Mann, Anthony Phillips, Crazy World of Arthur Brown og King Crimson. Etter å ha spelt for Manfred Mann først på 1970-talet vart han henta til King Crimson som erstattar for Michael Giles. Han figurerte berre på éitt King Crimson-album; det jazz-influerte Lizard, utgjeven i 1970.

Han slutta seg til Greenslade då bandet vart danna i 1972, og forlét bandet i 1976. Han var deretter studiomusikar og spelte mellom anna på Opus One med London Philharmonic Orchestra, før han forlét musikkbransjen. Trass i at han av The Guardian vart referert til som ein av dei dyktigaste og innovative trommeslagarane innan både jazz og rock, så forlét han musikken for å hengi seg til den andre store lidenskapen sin: segling.

KjelderEndra