Androgyn (adjektiv, gresk androgynos, latin androgynus 'halvt og halvt', andros 'mann' og gyne, 'kvinne') er ei nemning for å vere eller verke tvikjønna. Opphavleg er ein androgyn ein hermafroditt, ein person som er fødd med både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan. Androgyni tyder dermed 'hermafrodittisme'. Ein kan også nytta «androgyn» om menneske med uklar eller tvitydig sosial kjønnsidentifikasjon.

Marlene Dietrich var kjend for å dyrka ein androgyn utsjånad ved å kle seg i mannsklede.

Androgyni finst i fleire religionar og mytologiar. I norrøn mytologi befrukta til dømes urjotnen Yme seg sjølv.

Bakgrunnsstoff

endre

«androgyn» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.