Andungen Kvakk-kvakk

Andungen Kvakk-kvakk (originaltittel Quaq Quao) er ein italiensk animasjonsfilmserie for barn som først gjekk på TV frå midten av 1970-åra.[1] Ein brukte origami til å forma figurane og kulissane i serien, det vil seia at dyr og kulissar var bretta i papir. Kvar episode varer i rundt fem minutt.

Quaq Quao
Norsk tittel: Andungen Kvakk-kvakk
Typeanimert TV-serie
OpphavslandItalia
Sesongar2
Episodar98
Språkitaliensk

Kjenningsmelodien blei populær, og finst på fleire samlealbum med barnesongar både i Noreg og i andre land.

Kjelder

endre
  1. Rogalands Avis 1976.06.22. 1976. s. 17.