Aneurisme

bul i åreveggen

Eit aneurisme (frå gresk ανευρυσμα, aneurysma, 'utviding') er ein sjukeleg lokal dilatasjon eller utviding av ei pulsåre. Aneurismar kjem oftast i hovudpulsåra, (aorta) og circulus arteriosus (Willis' arterielle sirkel, blodårene under hjernen). Faren for at aneurismet sprekk aukar med storleiken. Ei slik hending vil gje eit brått fall i blodtrykket, og eventuelt auka trykk i hjernen. Begge delar er svært farleg og akutt livstrugande.

Bakgrunnsstoff endre