Anja Øyen Vister

norsk songar

Anja Øyen Vister (f. 1978 ) er ein norsk elektronikaartist som er kjend under artistnamna Anja og Anji.

Anja Øyen Vister
Fødd1978 (46 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist

Anja Øyen Vister vart kåra til Årets Urørt i 2005 med låta «Hush, hush», og vann mellom anna over Animal Alpha.[1] Sidan har ho vorte vokalist i elektronikabandet Flunk, som har gjeve ut seks plater til no. Musikken deira har vorte brukt i The O.C. og i filmen Nancy Drew.[2] Ved sida av musikken har Anja studert medisin.[3]

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre