Ankenes
tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg
Ankenes er ein tidlegare kommune i Nordland fylke.
Frå 1837 utgjorde Ankenes saman med Evenes (Evindnæs) og Ballangen Ofoten formannskapsdistrikt.
1. januar 1884 vart Ankenes og Evenes eigne kommunar. Ankenes hadde då 1 734 innbyggjarar.[1]
1. januar 1902 vart Narvik utskild frå Ankenes som eigen kommune. Då hadde Ankenes 3 023 innbyggjarar, Narvik 3 705.[1]
1. januar 1974 vart Ankenes og Narvik på nytt slegne saman og fekk namnet Narvik. Ankenes hadde då 7 022 innbyggjarar, Narvik 12 758.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen s. 74-79» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999.
Bakgrunnsstoff
endre- Per Tang (1948). «Ankenes». I Arnulv Sudmann. Norsk allkunnebok. 1. bandet. Oslo: Fonna. s. 353-355.
- Amund Helland, red. (1908). «Ankenes herred». Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 18 D. 4 : Nordlands amt Salten og Lofoten og Vesteraalen Fogderi. Kristiania: Aschehoug. s. 434-465.
- Nils A. Ytreberg (1953). Narviks historie. 1 : Ofoten i eldre tid : Narvik inntil 1914. Narvik: Narvik kommune.
- «Forskrift om sammenslåing av Ankenes og Narvik kommuner, Nordland.» (lovdata.no)