Dorthe Skappel
Anna Dorothea Riseng Skappel, kjend som Dorthe Skappel (fødd 18. desember 1962) er ein norsk journalist, programleiar og tidlegare modell. Ho er best kjend for å leie TV2 sitt underhaldningsmagasin God kveld, Norge.
Dorthe Skappel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. desember 1962 (62 år) Oslo |
Yrke | journalist, modell, programleiar |
Ho kjem frå ein familie kor mange av familiemedlemmane har helde på med ulike former for kunst eller underhaldning. Sjølv spelte Dorthe teater då ho var lita.
Etter å ha vore internasjonal modell i fleire år, sende ho inn ein video av seg sjølv til fjernsynskanalane for å kome på fjernsyn. Ho fekk først jobb i TVNorge, før ho kom til TV 2 på midten av 1990-talet.
I 2007 deltok ho i TV-programmet Isdans på TV 2, og kom på fjerdeplass. 4. mai 2007 blei Skappel utsett for eit uhell då ho fall med hovudet og ansiktet i isen under ein generalprøve. Ho blei send til sjukehus kraftig forslått, men hadde ikkje pådratt seg alvorleg skade.
Bakgrunnsstoff
endre- Portrettintervju på dagbladet.no (2007) -Og TV2 skapte kvinnen