Anna Hvoslef

norsk journalist

Anna Hvoslef (5. oktober 186611. mars 1954) var ein av dei fyrste kvinnelege journalistane i Noreg, og den fyrste i Aftenposten, der ho arbeidde frå 1897 til 1935. Som journalist i Aftenposten arbeidde ho hovudsakleg med litteraturjournalistikken. Ho gav også ut reiseskildringar frå reiser i Europa og Amerika.

Anna Hvoslef
Anna Hvoslef (cropped).jpg
Fødd 5. oktober 1866
Larvik
Død

11. mars 1954 (87 år)

Yrke journalist
Anna Hvoslef på Commons

Hvoslef var aktiv i ei rekkje presseorganisasjonar, og var den fyrste kvinnelege medlemmen av Den Konservative Presses Forening. Ho var den einaste kvinnelege delegaten på det 2. nordiske pressemøtet i København i 1902. Anna Hvoslef var formann for Norsk Kvinnesaksforening frå 1930 til 1935.[1]

Anna Hvoslef var dotter av amtmannen Johan Christian Georg Hvoslef.

KjelderEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.