Opna hovudmenyen

Anna Tystad Aronsen (fødd 20. april 1935) er ein norsk animatør som saman med ektemannen Bjørn Aronsen blir rekna som ein av veteranane i norsk animasjonsfilm.

Anna Tystad Aronsen
Fødd 20. april 1935 (84 år)
Flag of Norway.svg Noreg
Yrke Animatør
Ektefelle Bjørn Aronsen

Karrieren til Anna Aronsen starta på 1960-talet i studioet ABC-tegnefilm (seinare TT-film) som vart skipa av mannen hennar. Frå slutten av 1960-talet lagde ho ei rekkje teiknefilmar for barn for NRK. Den første, Tubaen Toby (1963), laga ho medan ho arbeidde for TT-film. Fram til 1978 produserte ho ei rekkje kortfilmar, mellom dei Bukkene Bruse, Tyrihans, Legenden om julerosen og den 45 minutt lange Det hendte i Taremareby etter Ingebrigt Davik sine forteljingar. Sommerfuglen (1984) og Gjertrudsfuglen (1984) har fått brei internasjonal TV-distribusjon. Merksemd vekte òg Trøbbel (1987), som handla om seksuelt misbruk av barn, laga i samarbeid med Else Myklebust og med dottera Nille Tystad.

Anna Aronsen var gift med animatøren Bjørn Aronsen (død 1994). Saman hadde dei mellom anna dottera Nille Tystad.