Anne Berg Larssen

Anne Berg Larssen (fødd 19. august 1959) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho spelte 105 landskampar og skåra 195 mål for Noregs landslag frå debuten i august 1978 til april 1985. Berg Larssen var aktiv i Sverresborg IF i tida 1975-88, sidan spelte ho på Selbu IL fram til 1992, der ho også var trenar.

Anne Berg var ein sentral spelar då Sverresborg IF høyrde til noregstoppen i handball på 1980-talet. Ho var ein anvendeleg spelar som i landslaget vart nytta på kantane, på klubblaget spelte ho oftast i rykkromet (bakspelar). Med Sverresborg vann ho både NM-pokalen og ho vart seriemeister. Etter ho i 1988 tok over som spelande trenar i Selbu IL, bidrog Anne Berg Larssen stort til at Selbu i 1990-åra tok steget opp i toppdivisjonen.

Kjelder endre