Anne-Marie Nørholm

norsk regissør
(Omdirigert frå Anne Marie Nørholm)

Anne-Marie Nørholm (fødd 14. mars 1952) er ein norsk filmregissør og filmteknikar frå Oslo.

Anne-Marie Nørholm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1952 (72 år)
Oslo
Yrke filmklyppar, filmregissør

Nørholm har arbeidd med norske filmproduksjonar sidan 1970-talet, og regisserte sin fyrste eigne langfilm i 1998. Dette var filmen om Ole Aleksander Filibom-bom-bom av Anne Cath. Vestly. Nørholm har også hatt suksess med å regissera barne- og ungdomsseriar for NRK. Under utdelinga av Amanda-prisen for 2002 vann ho prisen for beste barne- og ungdomsfilm med fjernsynsserien Tiden før Tim, send på NRK. Fjernsynsserien hennar Johnny og Johanna, også frå NRK, vart nominert i denne klassen i 2004.

Medverkande i

endre
  • 1976: Angst (film)
  • 1978: Det andre skiftet (film, script)
  • 1981: Liten Ida (film)
  • 1982: Krypskyttere (film)
  • 1984: Lars i porten (film, klippar)
  • 1998: Ole Aleksander Filibom-bom-bom (film, regissør)
  • 2002: Tiden før Tim (fjernsynsserie, regissør)
  • 2004: Johnny og Johanna (fjernsynsserie, regissør)

Kjelder

endre