Eit annuitetslån er eit lån som skal nedbetalast med like store terminbeløp, heilt til lånet er innfridd, det vil seie at summen av renter og avdrag er konstant.

I byrjinga er avdragsdelen liten, mens rentedelen er stor. Etter kvart som tida går, stig avdragsdelen og rentedelen blir mindre. Terminbeløpet kan enkelt finnast ved å multiplisere lånesummen med annuitetsfaktoren.

Den samla lånekostnaden er høgare for annuitetslån enn for motstykket serielån, men annuitetslån blir likevel oftare brukt. Dette kjem av at serielån har svært store terminbeløp i starten av låneperioden, når låntakaren oftast har knappast økonomi.

Sjå ògEndra