Anonym er gresk for 'utan namn' og kan visa til at nokon er unemnde, ukjende eller namnlause.

Kommunikasjon og utgjevignar kan vera anonyme. Ein kan til dømes senda anonyme brev eller kommentarar ved å ikkje signera dei. Verk kan også gjevast ut anonymt, altså utan namn, eller pseudonymt, under eit oppdikta eller falsk namn. Forfattarar kan velja å vera anonyme av ei rekkje ulike grunnar, til dømes for å verna seg mot konsekvensar av det dei har skrive. I tillegg kan forfattarnamnet gå tapt.

Det er kome ut fleire verk der ein avslører anonym og pseudonym. Dei nordiske hovudverka er:

  • Hj. Pettersen: Norsk anonym- og psevdonym-lexikon (1924)
  • H. Ehrencron-Müller: Anonym og psevdonym-lexikon for Danmark og Island til 1920 og Norge til 1918 (1940)
  • A.L. Bygdén: Svenskt anonym- och pseudonym-lexikon (1898–1915)
  • S. Kolstad: Norsk anonym- og psevdonymleksikon (1982).

KjelderEndra