Slashdot-relaterte emne

Slashdot-subkultur
Slashdot si historie
Slashdoteffekten
CmdrTaco
CowboyNeal
Anonymous coward
Slashdot-trolling
Trollprat
SlashCode

«Anonymous coward» eller «Anonym feiging» er eit pseudonym som vert gitt til anonyme kommentatorar på webloggar, som tillèt folk å ikkje registrere seg. Denne praksisen oppstod på Slashdot, der den mildt nedsetjande frasen er meint å skulle overbevise anonyme til å logge inn. Nokre weblogg-motorar, slik som Scoop nyttar frasen «Anonymous Hero» («Anonym helt») i staden, kanskje for å unngå konfrontasjonar rundt namnet. Plastic.com, eit anna populært oppslagstavlesamfunn, nyttar det sterkare «Anonymous Idiot» (Anonym idiot).

På system der alle brukarane som ikkje er logga inn, delar eit kontonamn, kan ofte forvirring resultere i diskusjonar. Det er òg verdt å merke seg at i Slashdot sitt modereringssystem, får innleggja til anonyme feigingar ein standard poengsum på null, noko som betyr at meldingane er skjult frå standardframvisninga så lenge dei ikkje vert moderert opp av andre brukarar.

Både Slashdot og Scoop (når konfigurert på det viset) tillèt innlogga brukarar å poste anonymt, og dermed tilby selektiv anonymitet (til dømes for å unngå å verte flau eller rettslege skritt). Desse postane vert likevel assosiert med brukaren (slik at dei ikkje kan moderere sine eigne meldingar), og treng ikkje vere trygt dersom Slashdot mottek ei stevning frå retten.

Variasjonar på namnet «Anonymous Coward» vert òg til tider nytta av troll for å mobbe namnet og/eller forvirre andre brukarar til å tru at dei postar som ein anonym feiging.

Barrapunto, ein spansk klone av Slashdot, vart den anonyme brukaren kalla Pendejo sin nombre.

Redaktørane fann seinare ut at det var for fornærmande og endra det til El Pobrecito Hablador, som tyder fattig liten taler, noko som òg var eit av psevdonyma nytta av Mariano José de Larra, ein spansk journalist i det 19. århundre.

Ikkje alle nettsamfunn tillèt slik oppførsel, men nokon gjer det. Wikipedia tillèt anonym redigering, men kallar ikkje desse brukarane for anonyme feigingar (anonyme brukarar får IP-adressa si som brukarnamn).Slashdot tillèt praksisen og nyttar merkelappen. Meatball Wiki tillèt praksisen, men ber brukarar om å ikkje nytte den.