Antikva eller antikvaskrift er eit typografisk samleomgrep for skrifttypar med seriffar (små tverrstreker i enden av bokstavane) og ulik breidde på grunn- og tverrstrekane. Trykt antikvaskrift oppstod i Nord-Italia i 1470-åra og skilde seg formmessig frå skråstilt kursiv og kanta gotisk skrift. Antikva vert ofte òg rekna som ein motsetnad til grotesk, ei skrift utan seriffar.

Antikva er skrifttypar med seriffar og ulik strektjukkleik. Stilen oppstod i den italienske renessansen og vidareutvikla seg i fleire formvariantar. I engelsk typografisk terminologi vert antikvadøma i biletet kategoriserte som Old Styla (øvst), Transitional (overgangsantikva), Modern Face (klassisistisk antikva) og Slab Serif (egyptienne).

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

Litteratur