Anton Espeland

norsk historikar

Anton Severin Espeland (22. februar 18723. desember 1948) var ein norsk lærar og lokalhistorikar, fødd på Onarheim i Tysnes i Sunnhordland, der foreldra hans då var nytilsette lærarar. Han har etterlate seg ei rekkje artiklar og skrifter som omhandlar Sunnhordland si historie.

Anton Espeland
Fødd 22. februar 1872
Død

3. desember 1948

Yrke historikar

Til liks med foreldra utdanna Anton Espeland seg til lærar. Kring 1894-95 var han lærar på Rosendal privatskule. I 1900 var han bankkasserar i Tysnes, noko seinare slo han seg ned på Vålerenga i Oslo, og arbeidde sidan ved ein skule i hovudstaden.

Espeland skreiv ei rekkje artiklar prenta i ulike tidsskrift, særleg i ymse årbøker, men òg i tidsskrift som Maal og Minne. Ikkje minst innleia han eit samarbeid med Rikard Berge, som i mange år redigerte Norsk Folkekultur, Folkeminne-tidsskrift. Espeland var ei tid med i skriftstyret for denne skriftserien.

Fleire av dei større arbeida til Espeland vart publiserte som tilleggsbøker i nettopp Norsk Folkekultur, mellom dei Tun og Teig. Av den norske bosetnings historie i 1931. To år etter kom også Segn og Soge fraa Hordaland ut hos Norsk Folkekultur. I april 1933 forsvarte Espeland doktorgrads-avhandlinga Tun og teig på Noregs LandbrukshøgskuleÅs i Akershus.

KjelderEndra