Antonov An-72 (NATO-kallenamn «Coaler» ) er eit ukrainsk STOL-transportfly. Prototypen flaug fyrste gong 22. desember 1977, og den fyrste produksjonsserien fekk nemninga An-72A. An-72 er òg produsert i spesialiserte versjonar som mellom anna An-72AT, som er eit fraktfly, An-72S, som er ein variant som kan konfigurerast som VIP-transport, passasjerfly for 38 passasjerar eller som ambulansefly, og An-72P som er eit maritimt overvakingsfly. An-72 har òg vorte vidareutvikla i form av An-74.

Antonov An-72

Informasjon
Type STOL Transportfly
Status Operativ
Spesifikasjonar
        

Kjelder

endre