Antroposofi (etter gresk ἄνθρωπος (ánthropos) som tyder 'menneske' og σοφία (sophίa), som tyder 'visdom') er nemninga på ei lære og verdsåskoding som vart utvikla av Rudolf Steiner (1861–1925), og som har fått tilhengarar over heile verda.

Goetheanum, bygd i 1928 i Dornach i Sveits etter Rudolf Steiners formgjeving. Denne og andre tilhøyrande bygningar hyser Allgemeinen Anthroposophischen Gesellschaft (Det ålmenne antroposofiske selskapet), Freien Hochschule für Geisteswissenschaft (Den frie høgskulen for åndsvitskapar) og framfor alt festspillokale og teatersalar, og er på den måten eit sentrum for den verdsfemnande antroposofiske rørsla.

Steiner og antroposofane karakteriserer antroposofien som ein vitskap, åndsvitskap, som gjer greie for det åndelege i kosmos og det åndelege i mennesket og den samanhengen som eksisterer mellom dei, og dei stadia mennesket går gjennom i sitt jordiske liv som fylgje av denne samanhengen. På bakgrunn av dette antroposofiske verds- og menneskesynet er det utvikla ein eigen pedagogikk som har gjeve grunnlag for særskilt organisert og finansierte skular og barnehagar (såkalla steinerskular (òg kalla waldorfskular) og steinerbarnehagar) som står for eit pedagogisk alternativ til det offentlege skuleverket og til andre privatskular. I denne pedagogikken tek ein omsyn til det stadiet i livet born og unge står på ifylgje det antroposofiske systemet, og det vert elles lagt stor vekt på at den einskilde eleven skal utvikle sitt individuelle potensial, sin eigen fantasi og sine skapande evner. Sentralt i undervisninga står det at elevane skal ta del i kunstnerisk, handverksmessig og landbruksmessig verksemd.

Det antropologiske menneskesynet og verdsåskodinga har òg gjeve grunnlag for særskilte naturmetodar og pedagogiske metodar for lækjedom av menneskelege sjukdomar og lyter, for landbruk og hagebruk som legg vekta på å skape ein heilskapleg og totalt sett berekraftig balanse mellom bruken av jorda på garden til dyrking og dei plantene og husdyra som vert produsert på garden (såkalla biodynamisk landbruk og hagebruk), for bankverksemd som tek spesifikke samfunnsmessige og menneskelege omsyn osb.

Bakgrunnsstoff endre