Antuã
Antuã er ei elv i regionen Aveiro i Portugal med ei lengd på om lag 38 km. Ho er den viktigaste sideelva til Ria de Aveiro etter Vouga. Ho har utspringet sitt mellom Romariz og Fajões, nær S. João da Madeira, og munnar ut i Ria de Aveiro vest for Estarreja. Dei største byane langs elva er S. João da Madeira, Oliveira de Azeméis og Estarreja.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Antuã» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.