Arådalen
Arådalen er ein dal like vest for fjellet Hundshögen (1371 m) sør i Oviksfjällen i Berg kommun i Jämtland i Sverige. Han er kalla opp etter elva Arån som renn sørover i dalen.
Den eldste turiststasjonen til Den svenske turist foreininga ligg i Arådalen. Den første vesle bygningen vart reist her i 1895, medan den noverande vart bygd i 1909. Stasjonen er berre open sommaren. Området er eigd av den svenske kyrkja, og det vart reist eit kapell ved stasjonen i 1970-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arådalen» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2012.