Arbeide prost
Uttrykket å arbeide prost (utt. å arbæi’ prost) blir bruka på nordmøring når ein tykkjer at ein eller annan brukar for mykje tid på unyttige ting. Det ville til dømes vera å arbeide prost om ein bruka tid på å skjera ut eit fint mønster på grov arbeidsreiskap.