Archives New Zealand
Archives New Zealand (Te Rua Mahara o te Kāwanatanga på Māori) er Nasjonalarkivet på New Zealand, med overordna ansvar for regjeringa si journalføring og for offentlege arkiv Sidan 1. februar 2011 har det vore ein del av Innanriksdepartementet på New Zealand. Før 1. februar 2011 var Archives New Zealand eit eige departement i regjeringa[1].
Archives New Zealand har meir enn 80 kilometer av av statlege oppteikningar på New Zealand; desse daterer seg frå tidleg i det 19. hundreåret fram til tidleg i det 21. hundreåret. Forskarar kan søkja etter informasjon i dokumenta online, gjennom hjelpetenesta Archway finding aid [2].
Waitangitraktaten er utstilt i Konstitusjonsrommet ved hovudkontoret i Wellington.
Lova om offentlege arkiv av 2005 forsterka rolla til Archives New Zealand og makta til statsarkivaren. Institusjonen har no ei leiande rolle som journalførar for sentrale og lokale styresmakter.
Digital Continuity Action Plan på New Zealand hevdar å vera verdas første tiltak for å hindra at viktige offentlege dokument går tapt og sikra at notidas informasjon er tilgjengeleg for framtida.
Bakgrunnsstoff
endreReferansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Archives New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2011.