Arm
over- og underarm
Arm (norrønt armr) viser til framlemmer hjå menneske og apar eller til lemmar som kan brukast på liknande måte hjå andre dyr, som blekksprutar. Vidare kan «arm» nyttast i overført tyding, som fjordarm, einarma banditt eller om «lovens lange arm».
Armen hjå primatar byrjar ved skuldra, bøyer seg ved olbogen og sluttar ved handa. Dei viktigaste knoklane i armen er overarmsbeinet (humerus), albogebeinet (ulna) og spolebeinet (radius). I tillegg utgjer ei rekkje knoklar handa medan skuldra er danna av skulderblad (scapula) og kragebein (clavicula).
Kjelder
endre- «arm» i Nynorskordboka.
- arm (Store medisinske leksikon). I Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arm