Arne Reitan
Arne Reitan (fødd 31. januar 1934) er ein norsk fysikar. Han har gjort viktig forskingsarbeid innan teorien for molekylspektra, kjernereaksjonar, atomære kollisjonar, væskemekanikk nytta på bølgjekraftverk og seismisk bølgjeteori.
Arne Reitan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. januar 1934 (90 år) |
Yrke | fysikar |
Han tok dr.ing. i 1958 og dr.tech. i 1963 ved NTH. Frå 1972 arbeidde han som professor ved Universitetet i Trondheim. Han var gjesteforskar i Danmark, Sveits, Canada og USA.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Arne Reitan i BIBSYS