Denne artikkelen er om byen. For den russiske utforskaren og forfattaren sjå Vladimir Arsenjev.

Arsenjev (russisk Арсе́ньев) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg på høgresida av elva Arsenjevka, ei sideelv til Ussuri, rundt 160 km nordaust for Vladivostok (via veg 242 km).

Arsenjev
Арсеньев
Horisonten til Arsenjev
Horisonten til Arsenjev
Flagget til Arsenjev Byåpenet til Arsenjev
Flagget til Arsenjev Byvåpenet til Arsenjev


Plassering
Arsenjev is located in Russland
Arsenjev is located in Primorskij kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1902
1952
Borgarmeister Nikolai Jermisjkin
Geografi
Flatevidd
 - By

39,4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

58 021
  1 472,6 /km²
Koordinatar 44°10′00″N 133°16′00″E / 44.16667°N 133.26667°E / 44.16667; 133.26667
Høgd over havet 170 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 692330–692343
Retningsnummer (tlf) (+7)42361
Nettstad: www.arsenevmis.ru

Geografi

endre

Byen ligg i ein dal omgjeve av nesten urørt Ussuri-taiga. Den økologiske situasjonen i Arsenjev er langt betre enn for andre byar i Primorskij kraj, då det ikkje finst forureinane verksemder i byen og omegn. På grunn av plasseringa har Arsenjev eit meir utprega innlandsklima enn Vladivostok-området, med gjennomsnittstemperatur i juli på 21 °C og i januar på −18 °C.

Historie

endre

Arsenjev si historie byrjar i 1895 då busetnaden Semjonovka vart grunnlagt. Dei første bysetjarane var russiske gammaltruande. I 1901 busette leiglendingar frå Poltava oblast i Ukraina seg her. I 1937 vart busetnaden knytt til den transsibirske jernbanen med eit sidespor. I 1940 vart den første flyfabrikken (den noverande Progress) i Russland fjerne austen bygt her. I 1952 fekk busetnaden Semjonovka innvilga bystatus og fekk det nye namnet, Arsenjev, etter Vladimir Arsenjev, ein utforskar av det fjerne austen, vitskapsmann, utforskar og forfattar, som vitja Semjonovka i 1912.

Næringsliv og økonomi

endre

Dei største verksemdene i byen er Askold og Progress, som hovudsakleg produserer forsvarsrelaterte produkt. På grunn av mindre etterspurnad etter militære produkt har produksjonen vorte redusert, noko som ein prøver å kompansere med eksport, mellom anna av helikopter frå Progress.

På grunn av fjella i området og gode snøforhold om vinteren er Arsenjev òg vorte eit senter for alpin skisport og det vert bygt ut infrastruktur i området med omsyn til dette.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre