Opna hovudmenyen
Denne artikkelen er om den russiske byen. For den russisk/ukrainske revolusjonære kjent som Artjom, sjå Fjodor Sergejev.
Artjom
Артём
Horisonten til Artjom
Flagget til Artjom Byvåpenet til Artjom
Flagget til Artjom Byvåpenet til Artjom


Plassering
Artjom is located in Russland
Artjom is located in Primorskij kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1924
1938
Borgarmeister Vladimir Novikov
Geografi
Flatevidd
 - By

506,4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

102 445
  202,3 /km²
Koordinatar 43°21′00″N 132°11′00″EKoordinatar: 43°21′00″N 132°11′00″E
Høgd over havet 40 moh
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 692750–692764
Retningsnummer (tlf) (+7)42337
Nettstad: www.artemokrug.ru

Artjom (russisk Артём) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar (2008). Han ligg rundt 40 km nord for Vladivostok.

HistorieEndra

Busetnaden vart grunnlagt i 1924 nær Zybunnijgruva. Han er kalla opp etter den kjend revolusjonære Artjom (F. A. Sergejev). Den 26. oktober 1938 fekk Artjom bystatus. Artjom består av tre tidlegare urbanliknande busetnader: Uglovoje, Zavodskoj og Artjomovskij.

Økonomi og næringslivEndra

Artjom har 29 industriføretak, der halvparten av desse er private. Av forbruksvarene som vert produsert i byen er møblar og porselen. Føretaka med flest tilsette er Primorskoje Gruveadministrasjon (3 500 tilsette) og Artjom-Mebel Møbelfabrikk (1 100 tilsette).

Kolgruvene har alltid vore grunnlaget for den lokale økonomien, men kolreservene er no praktisk talt uttømt. Utsiktene seier at transport vil vere den mest produktive industrien i byen i framtida.

TransportEndra

Vladivostok internasjonale lufthamn ligg ved Artjom. I 1994 tente han 500 000 passasjerar, berre 28 % av kapasiteten. Det største jernbaneknutepunktet i Primorskij kraj ligg òg her. Årleg passerer 12 millionar tonn frakt gjennom Artjom til Vladivostok og 24 millionar tonn til Nakhodka.

KjelderEndra