Asbest i Russland
Asbest (russisk Асбе́ст) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg på austsida av Uralfjella, ved elva Bolsjoj Reft, ei sideelv til Pysjma frå høgre, 60 km nordaust for Jekaterinburg.
Asbest | |||
Асбест | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||
Høgd | 220 m | ||
Areal | 107 km² | ||
Folketal | 56 533 (2023) | ||
Grunnlagd | 1889 | ||
• Bystatus | 1933 | ||
Postnummer | 624260–624273 | ||
Retningsnummer | (+7)34365 | ||
![]() Asbest i Russland 57°00′00″N 61°28′00″E / 57°N 61.466666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Asbest |
Byen vart grunnlagt i 1889 med namnet Kudelka (russisk: Куделька). Han fekk bystatus i 1933 og namnet vart samstundes endra til det noverande Asbest, etter asbestindustrien i byen.
Dagens Asbest er eit stort industrisenter, der det i tillegg til asbest mellom anna vert produsert teglstein, porselen, møblar og metallkonstruksjonar. Den største industriverksemda er Uralasbest. Av dei andre fabrikkane i byen er UralATI, Zaretsjnyj og Asbostroj.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asbest (by)» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
endreDenne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |