Asbjørn Lillås
norsk Ap-politikar
Asbjørn Lillås (19. april 1919–26. mai 1983) var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Nøtterøy som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1961 til 1973.
Asbjørn Lillås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. april 1919 Nøtterøy kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Lillås var son til ein sjømann og var sjølv til sjøs ei tid. Frå 1937 var han tilsett ved Kaldnes mek. verksted A/S i Tønsberg, der han var personalsjef 1958-61. Perioden 1952-63 var han medlem i Nøtterøy kommunestyre, siste ti åra som formannskapsmedlem. Han var styreformann i Nøtterøy elektrisitetsverk 1959-63.
Ved stortingsvalet i 1961 vart Lillås vald til stortingsrepresentant frå Vestfold for Arbeidarpartiet. Sidan vart han attvald i 1965 og -69. På Tinget var han 1961-65 medlem i Finans- og tollkomiteen og der etter 1965-73 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.