Opna hovudmenyen

Ashburton Park er ein park i Woodside, ein stad i London Borough of Croydon. Parken ligg rett ved sida av Woodside sporvognshaldeplass, der Tramlink si fyrste og andre ruta stoppar. Arealet parken opptar er på 7,49 hektar. Om natta er parken låst og stengt.

FasilitetarEndra

I parken finst det ymse fasilitetar, som:

  • Parkeringsplass
  • Leikeplass
  • Toalett
  • Ballplass og paviljong
  • Korgballbana
  • Tennisbanar

Det finst òg resirkuleringsanlegg for papir og flasker.

KjelderEndra