59°50′07″N 10°26′03″E / 59.83528°N 10.43417°E / 59.83528; 10.43417

Asker kulturhus med Bakerløkka i framgrunnen.
Foto: Trarir

Asker kulturhus er ein kommunal bygning på Asker i Asker kommune med kino-, teater-, konsert- og forsamlingssalar, møterom, restaurant, ungdomssenter med kafé og rom for ulike kreative aktivitetar, eldresenter, lokale for Asker bibliotek, og i tilknyting til biblioteket dessutan eit lokale som vert nytta av Asker kunstforening til salsutstillingar for biletkunst. Bygningen har òg areal som vert leigd ut til ymse verksemder.

Kulturhuset er i fem høgder, og i tillegg ein kjellar med kinolokale. Fasadane er dominert av store glasflater og av ein berekonstruksjon av stålsøyler. Huset ligg attmed det store bygningskomplekset Trekanten med eit stort kjøpesenter, fleire restaurantar, kafear, kontor og garasjehus, og inngår i og for seg i det same komplekset, men har eigen hovudinngang frå den opne plassen og parken Bakerløkka, der det mellom anna er laga til ein avtrappa pyramide av steinblokker som representerer alle bergartane som finst i Asker kommune.

Kulturhuset vart opna ved årsskiftet 2004/2005, og er etterfylgjaren til Samfunnshuset i Asker, som vart opna våren 1982 med profesjonelle teaterscener, kino og tidsmessig biblioteklokale. Samfunnshuset, som var ein bygning med fasadar av raud teglstein til liks med fleire av dei andre bygningane i området, vart for mesteparten rive ned heilt til grunnmuren då det noverande og mykje større kulturhuset skulle byggjast på den same staden og på arealet attmed, etter vedtak i kommunestyret i Asker i 2002. Men sjølv etter den gjennomgripande nedrivinga og nybygginga som har gått føre seg, vert likevel alderen på kulturhuset som kulturinstitusjon rekna frå opninga av Samfunnshuset i 1982, og trettiårsjubileet for Asker kulturhuset markert hausten 2012.

Asker kulturhus gjev rom til eit breitt spekter av ulike tilbod til ålmenta, med mellom anna eit allsidig program av føredrag, konsertar og framsyningar innanfor mange ulike sjangrar og for alle aldersgrupper, og ofte med nasjonalt og internasjonalt vidgjetne artistar. Huset har òg utstyr for å kunne leige ut lokale til verksemder og organisasjonar for konferansar og liknande.

Bakgrunnsstoff endre