Astrid E. Kruse Andersen

Astrid Eline Kruse Andersen (9. september 192626. oktober 2020) var ein norsk fysioterapeut. Ho var ein pioner innan fødselsførebuande arbeid i Noreg, og gav ut boka Å få barn i 2005.[1]

Astrid E. Kruse Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1926
Oslo
Død

26. oktober 2020 (94 år)

Yrke fysioterapeut, skribent
Far Just Kruse
Mor Grete Eline Kruse
Ektefelle Bjørn G. Andersen

Ho gifta seg i 5. juli 1951 med Bjørn G. Andersen (1924–2012) og dei fekk 4 barn. Ho er dotter av lærar og sokneprest Just Kruse (1886–1962) og Grete Eline Kruse (1893–1959), søster til Erling O. Kruse (1922–2016), kusine til Birger Tvedt (1910–2002) og svigerinne til Aksel Aarhaug (1921–2000).

Barndom

endre

Kruse Andersen voks opp i Oslo og kom til Svalbard med familien i 1935. Faren var prest og skulemeister i Longyearbyen. M.a. starta og leidde ho der den nordlegaste speidartroppen i verda, ei livslang interesse som førte til at ho møtte dåverande prinsesse Elizabeth under krigen. Skolegangen vart avbroten av 2. verdskrigen, då familien vart evakuert under dramatiske omstende til Skottland i 1941. Ho heldt fram skulegangen ved St. Dennis jenteskule i Edinburgh, som på dette tidspunktet var evakuert til Drumlanrig Castle i Dumfries i Skottland, og tok etter kvart høgare utdanning i England.

Utdanning

endre

Kruse Andersen er utdanna innan fysisk fostring av barn og unge ved Liverpool Physical Training College, og tok eksamen som fysioterapeut ved Royal Southern Hospital i England. Begge stader vart det gitt undervisning i fødselsførebuingar og barselgymnastikk. Utdanninga vart avslutta med øvste avdeling ved Gymnastikkskolen (i dag Idrettshøgskolen) i Oslo og etterutdanning ved Oslo Ortopediske Institutt (i dag Statens Fysioterapihøgskole).

Karriere

endre

Professor Jørgen Løvset (1896-1981)[2] ved Kvinneklinikken i Bergen oppmoda Kruse Andersen til å søket stillinga som fysioterapeaut her og ho leidde barselgymnanastikken ved Kvinneklinikken. Ho undervite om fødselsførebuingar og barselgymnastikk for jordmordelevane i Bergen og leidde treningsgrupper med dei. Ho vart overflytta og underviste i fødselsførebuingar og barselgymnastikk ved Oslo Ortopediske Institutt (i dag Statens Fysioterapihøgskole) der ho òg starta opp dei første «svangerskapskursa» i Noreg i 1951. Ho var sidan ei drivande kraft i dette arbeidet i Noreg med utstrekt kursing og foredragsverksemd for helsepersonell. Også når ho var med ektemannen Bjørn G. Andersen under stipendiatperioden hans ved Yale University, og ho jobba som fysioterapeut ved Grace New Haven University Hospital, var svangerskapskurs på dagsordenen. Kruse Andersen forelas i periodar ved Statens Jordmorskole og Statens Fysioterapiskole i Bergen etter at familien flytta dit. I ei årrekkje dreiv ho fødselsførebuande kurs og barseltrening både i Bergen, Oslo og Asker, og var ein av pionerane innanfor dette arbeidet i Noreg.

Kjelder

endre
  1. «Bokkilden bokhandel - mye mer enn bøker», Bokkilden (på norsk bokmål), henta 29. oktober 2021 
  2. Børdahl, Per E.; Hem, Erlend (20. mai 2001). «Løvsets manøver ved skulder- forløsning i seteleie – ”bedst og sikrest”». Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk bokmål). ISSN 0029-2001. 

Litteratur

endre