Astrocytt
Astrocyttar er gliaseller som finst i heile sentralnervesystemet, der dei er den mest talrike selletypen. Hjå pattedyr er mellom 20 til 40 % av alle seller i hjernen astrocyttar. Dei hjelper nerveseller i sentralnervesystemet å verka som dei skal, og har her ulike roller; mellom anna danning av synapsar, danning og vedlikehald av blod-hjernebarrieren og regulering av stoffskifte. Astrocyttar kan tala både med kvarandre og nerveseller.[1][2][3]
Astrocyttar vert grovt delte inn to kategoriar; protoplasmiske (funne i kvit substans) og fibra astrocyttar (funne i grå substans), men ein kan dela astrocyttar inn etter form i minst ni kategoriar.[3][4]
Astrocyttar svarar på alle former for skade og sjukdom i sentralnervesystemet. Dei går då gjennom endringar kalla reaktiv astrogliose og vert til reaktive astrocyttar. Reaktive astrocyttar er ei ymsande gruppe seller som mellom anna kan ha ulikt genuttrykk, ulik selleform og ulik signaloverføring.[1]
Mihály Lenhossék introduserte nemninga astrocytt i 1895 i den andre utgåva av læreboka si, eit namn som var inspirert av stjerneforma til denne selletypen.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Khakh, Baljit S; Sofroniew, Michael V (2015). «Diversity of astrocyte functions and phenotypes in neural circuits». Nature Neuroscience 18 (7): 942. PMID 26108722. doi:10.1038/nn.4043.
- ↑ Molofsky, Anna Victoria; Deneen, Benjamin (2015). «Astrocyte development: A Guide for the Perplexed». Glia 63 (8): 1320. PMID 25963996. doi:10.1002/glia.22836.
- ↑ 3,0 3,1 Allen, Nicola J.; Barres, Ben A. (2009). «Neuroscience: Glia — more than just brain glue». Nature 457 (7230): 675. PMID 19194443. doi:10.1038/457675a.
- ↑ 4,0 4,1 Matyash, Vitali; Kettenmann, Helmut (2010). «Heterogeneity in astrocyte morphology and physiology». Brain Research Reviews 63 (1–2): 2–10. PMID 20005253. doi:10.1016/j.brainresrev.2009.12.001.