Asuka
(Omdirigert frå Asuka-perioden)
Asuka-tida (飛鳥時代 Asuka jidai) var ein periode i japansk historie som varte frå 538 til 710 (eller 592 til 645), men byrjinga kan seiast å overlappa med den føregåande Kofun-tida. Tida har namn etter Asuka-kyō, som var hovdustaden i riket då.
Asuka-tida er kjenneteikna av store kunstnariske, sosiale og politiske endringar. Desse hadde opphav i slutten av Kofun-tida, men var særleg påverka av at buddhismen blei innført frå Kina. Asuka var ein del av Yamatotida, då klanar frå Yamato utvida makta si over riket.
I denne tida blei også namnet på landet endra frå Wa (倭 ) til Nihon (日本 ).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asuka period» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2019.