Athens i Georgia
Athens er ein by i den amerikanske delstaten Georgia med eit areal på 306,2 kvadratkilometer og eit folketal på 175 085 (2006). Om lag 27 prosent av folkesetnaden i byen er afroamerikanarar. Av folkesetnaden lever om lag 29 prosent under fattigdomsgrensa.
Athens-Clarke County | |
---|---|
Kallenamn ««Classic City», «The Classic», «The Baby A»» | |
Styresmakter | |
Land Delstat |
USA Georgia |
Grunnlagd | 1801 |
Mayor (ordførar) | Nancy Denson |
Geografi | |
Flatevidd | 306,014258, 306,015258 km² |
Flatevidd - By - Land - Vatn |
306,2 km² 305,0 km² 1,2 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
175 085 328,8/km² |
Koordinatar | 33°57′19″N 83°22′59″W / 33.95528°N 83.38306°W |
Høgd over havet | 231 m |
Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | 706, 762 |
Heimeside: http://www.athensclarkecounty.com | |
Plassering | |
Byen, som vart grunnlagt i 1801 som plass for University of Georgia, ligg i den nordaustlege delen av delstaten, om lag 65 kilometer frå grensa til Sør-Carolina og om lag 100 km aust for delstatshovudstaden Atlanta. På midten av 1800-talet vart byen kalla for Den sørlege Manchester på grunn av dei mange bomullsveveria.
I 1990 gjekk Athens og Clark County saman i éi felles administrativ eining.
Kultur
endreByen er kjend for å ha eit veletablert musikkliv og spesielt på slutten av 1970-talet og tidleg på 1980-talet kom fleire nye store band fram, mellom dei R.E.M., The B-52’s og Love Tractor.
Folk frå Athens
endre- Kim Basinger, skodespelar
- Madeleine Peyroux, songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Athens, Georgia» frå Wikipedia på svensk, den 12. desember 2008.