Atlanta er hovudstad og største by i den amerikanske delstaten Georgia. Byen har ca. 425 000 innbyggarar og med forstadane blir det totalt 5 000 000 innbyggarar. Atlanta vart etablert tidleg på 1800-talet som eit jernbaneknutepunkt. Under den amerikanske borgarkrigen vart størstedelen av byen øydelagt, men han vart gjennoppbygd og utnemnd til hovudstad for Georgia kort tid etter. I 1996 var byen vertskap for Sommar-OL 1996.

Atlanta
by
Atlanta sentrum
Flagg
Våpenskjold
Land  USA
Fylke Fulton County, DeKalb County
Del av Atlanta–Sandy Springs–Alpharetta metropolitan area
Areal 343,0 km²
Folketal 470 688
Folketettleik 1 221 / km²
Kart
Atlanta
33°45′25″N 84°23′25″W / 33.756944444444°N 84.390277777778°W / 33.756944444444; -84.390277777778
Wikimedia Commons: Atlanta

Fleire større selskap har hovudkvarter her, mellom andre Coca-Cola og CNN. Ved Atlanta ligg Hartsfield internasjonale flyplass som er verdas mest trafikkerte flyplass med 83,6 millionar reisande i 2004.

Folk frå Atlanta endre